Island vil leva ! PDF Skriv ut E-post
mandag 01. mars 2010 19:05

Kirkjufell

 (Islandsk.no tar gjerne i mot artikler og innlegg til publisering.
Alle innlegg som publiseres må ha forfatterens navn.)

Karvel Strømme:
Island vil leva !

Det islandske reisebyrået ”Landsyn” melder om enorm interesse for Island som reisemål, og det er dei – og islendingar elles - glade for, men ikkje heilt udelt. For dei veit at ein del av interessa berre skuldast den låge prisen på islandsk valuta. På ei anna side har landet bruk for alt som kan hjelpa til med å få landet på fote att, for at landet vil koma gjennom denne krisa , eller ”kreppan” som det heiter på islandsk, er dei ikkje i tvil om.

” Kreppa” kan på islandsk og tyda ”å klemma hardt” . ”Að kreppa hendi um stafinn” tyder difor ” å klemma/knyta handa hardt rundt staven”. Eg trur det er dette islendingane no kjem til å gjera, som dei har måtta gjort så mange gonger før opp gjennom soga: Knyta nevane,gå på, og få landet ”på beina” att ! Men me kjem ikkje utanom dette: Landet er i djup økonomisk krise !
Som halvt islending, og dermed sjølvsagt svært opptatt av det som skjer i landet, har eg ofte etterlyst interesse for dette landet; vårt ”nordiske broderland”, ”sagaøya” osb. - frå medias si side.
Men opp gjennom åra kan eg lett rekna opp de gongane norske aviser, og andre media, har ”brydd seg” med å ofra Island merksemd.Det er kriser som må til, kriser skapte av menneske eller naturen : Vulkanutbrot, som Surtsey i 1963, Heimaey på Vestmannøyane i 1973, eller i 2000, da eit utbrot under Vatnajøkul skapte flaum, eller ”jøkul-hlaup” som det heiter på islandsk , og reiv med seg riksvegen rundt landet på sin veg mot havet.
Eller jordskjelv, som i fjor sommar øydela ein god del bygningar på sør-vest Island.
Eit heiderleg unnatak frå krise-fokuseringa, var perioden med Vigdis Finnbogadottir som president. Det å vere landet med verdas første kvinnelege president, gav Island ein god del merksemd i starten, men det dabba av. Og som no, med den menneskeskapte økonomiske kollapsen. Den eine avisa etter den andre sender reportarar til Island, som sender heim rapportar om fortvila menneske, og vi får glimt bak kulissane , om forhandlingar på det nordiske plan, eller om reaksjonar frå Storbritannia, som valde å bruka storslegga, og kallar Island ein terrorist-stat.Dette har brakt fram minne frå den såkalla ”torskekrigen” mellom England og Island, hos islendingane, som meiner at dette var eit slag under beltet.
Det vi saknar, og då meiner eg nordmenn flest, er eit breidare bilete av Island og islendingar,og dette biletet burde vi hatt klart for oss lenge før denne krisa oppsto. Vi, som nære nordiske naboar, burde vore kjende med Island, både politisk og kulturelt, for det er vi slett ikkje no, og blir det heller ikkje, viss vi ikkje følgjer opp den interessa vi viser nå, når tilhøva vert meir normale. For islendingane kjem til å kjempa seg gjennom den vanskelege tida som ligg framfor dei, og dei kjem seg opp og vidare fram, det har soga deira vist. Studlaberg

Her passar det å sitera Halldor Kiljan Laxness, i boka ”Islandsklukkan”, ”Islands klokke”, der motivet er henta frå dansketida, med handelsmonopol, der islendingane ikkje ein gong fikk eiga sitt eige fiskesnøre til å skaffa seg mat, men var prisgjeve det danske monopolet på fiskeri og fiskehandel: Hovudpersonen, Jon Hreggvidsson, er så syndig å be sysselmannen om ein ”stump snøre”, og havnar i fangeholet på Bessastadir.
Her får han etter kvart selskap av andre uheldige ”syndarar”, som og har prøvd å skaffa seg fiskesnøre, eller som er dømde til hudstryking for å ha brote ei eller anna kongeleg ”forordning”. I ein av desse, Asbjørn Joakimsson, legg Laxness denne replikken:”……Men det islandske folket skal leva, berre det aldri bøyer seg, kva som enn skjer……..Eg nekta å setja ein kongens mann over Skerjafjord, det er sant. Korkje levande eller død, sa eg. Dei kjem til å hudstryka meg, og la dei det. Men hadde eg gjeve etter, om så berre denne gongen, og gav alle etter, alltid og over alt, for kjøpmannen og fogden, for draugen og fanden,for kongen og bøddelen - kor ville då dette folket kunne seia det høyrde heime? Sjølv helvete ville vera for godt for eit slikt folk.”

Attende til Islands-interessa: Eg vel å tru at dei fleste som har Island som reisemål, gjer det ut ifrå ei ekte interesse for landet, for naturen,kulturen og soga. Og at sunnhordlendingane har sansen for Island, viser påmeldinga til Islandsreisa som Turlaget lyste ut nyleg : Dei 30 plassane vart rivne bort første dagen ! Me kan lova dei store oppevingar !

Fitjar, 21/1-2009
Karvel Strømme